Torsken vandra langt nord

Foto: Hege Iren Svensen/IMR.
Foto: Hege Iren Svensen/IMR.

Årets økosystemtokt i Barentshavet viser at torsken har lagt beitevandringa si langt mot nord i år.

Ifølgje forskarane Bjarte Bogstad, (Havforskingsinstituttet) og Dmitrij Prozorkevitsj (Pinro, Murmansk) står framleis ”verdsrekorden” for nordleg utbreiing ved lag.

 

Geografisk fordeling av torsk i Barentshavet i august – september 2013 (kg/tråltime). Illustrasjon: Havforskningsinstituttet.

Geografisk fordeling av torsk i Barentshavet i august – september 2013 (kg/tråltime). Illustrasjon: Havforskningsinstituttet.

På årets norsk-russiske økosystemtokt i Barentshavet fann ein dei største konsentrasjonane av torsk langt nord i Barentshavet – mellom 78° og 80° nord – aust for Svalbard og sørvest for Frans Josefs Land. I dette området var det også mykje lodde, som er den viktigaste maten for torsk. Utbreiinga av torsk strekker seg elles over mesteparten av Barentshavet. I fjor fann vi torsk så langt  nord som til 82 grader 30 minutt, og denne ”verdsrekorden” i nordleg torskeutbreiing står framleis ved lag.

 

 

 

Geografisk fordeling av hyse i Barentshavet i august – september 2013 (kg/tråltime). Illustrasjon: Havforskningsinstituttet.

Geografisk fordeling av hyse i Barentshavet i august – september 2013 (kg/tråltime). Illustrasjon: Havforskningsinstituttet.

Dei største konsentrasjonane av hyse vart funne i russisk sone i det søraustlege Barentshavet, men det var også enkelte store konsentrasjonar av hyse i Bjørnøya-Hopen området og på vestkysten av Svalbard.