Forsiden Artikler Samla miljøkunnskap om Norskehavet
På mudderbunn i det dype Norskehavet. Foto: MAREANO.
På mudderbunn i det dype Norskehavet. Foto: MAREANO.

Samla miljøkunnskap om Norskehavet

Kunnskapen om miljøtilstanden i Norskehavet er oppdatert, samla og presentert på nettstaden Miljøstatus i Noreg.

Informasjonen er ein viktig del av arbeidet med den heilskaplegen forvaltingsplanen for Norskehavet.

Overvakingsgruppa for Barentshavet og Norskehavet er no klar med resultata sine for 2013. Overvakingsgruppa er oppretta som ein del av arbeidet med oppfølging av forvaltningsplanane for Barentshavet og Norskehavet og blir leidde av Havforskningsinstituttet.

Gruppa sitt sekretariat ligg i Tromsø. Den er breitt samansett med deltakarar frå relevante direktorat/tilsyn, inkludert Klima- og forureiningsdirektoratet (Klif), samt forvaltnings- og forskingsinstitusjonar.

Resultata om Norskehavet blir publiserte på Miljøstatus.no.

For at våre tjenester skal bli nyttige og brukervennlige ønsker vi tilbakemeldinger fra deg som bruker. Det kan være ris, ros, spørsmål, ideer og andre ting. Vi setter stor pris på din hjelp.