Ulike aktørar tilbyr støtte til forsking på hav og kyst i Nordområda og Arktis. Av desse er Forskingsrådet og EU dei mest kjente aktørane. Under vil du sjå ein oversikt over program og utlysingar som er mest aktuelle. Dei som kan søkje på midlar er alt frå enkeltståande forskarar, forskingsmiljø, institutt, bedrifter, universitet og høgskular. Regjeringa har uttalt ønskje om større satsing på mellom anna miljøvennleg maritim teknologi, og forskingssamarbeid med Russland. Prosjekt som omhandlar nordområda er spesielt prioriterte.
Forskingspolitikk
Forskingsrådet skal lage støtteordningar i samsvar med norsk forskingspolitikk. Politikken vert vedteken i Stortinget. Regjeringa har sett seg mål for kva dei ønskjer å oppnå innan forsking i Noreg, mellom anna gjennom Soria Moria-erklæringa (2005).
Forskingsrådet har ei rekkje program for ulike område. Under kvart program er utlysingar av spesifikke prosjekt ein kan søkje om støtte til. Programmet Maritim verksemd og offshore operasjonar (MAROFF) er eit døme på regjeringa si satsing innan miljøvennleg maritim teknologi.
Miljøvennleg maritim satsing
MAROFF er inndelt i tre innovasjonsområde; miljø, avansert logistikk og krevjande miljøvennlege maritime operasjonar. Programmet som vart revidert våren 2012 vart utforma etter innspel frå prosjektet Maritim 21, spørjeundersøkingar, og trykk frå forskingsinstitusjonar. Det er spesielt mynta på reiarlag, verfts- og utstyrsindustrien. Maritim transport og operasjonar i nordområda, er ein av dei nye tematiske prioriteringane i det reviderte programmet. Den totale ramma for programmet er på 150 millionar kroner. Normalt gir Forskingsrådet støtte til 15 prosjekt, som kvar får omlag 10 millionar kroner.
Ein milliard i veka
Internasjonalt er EU sitt sjuande rammeprogram (FP7) det største forskingssamarbeidet i verda. Noreg deltek på lik linje som dei andre EU-landa. Kvar veke delar FP7 ut ein milliard kroner til forsking og teknologiutvikling. Treng du hjelp til søknadsarbeidet har Forskingsrådet eigne ordningar. Dei støttar arbeid med søknadar og nettverksbygging til EU-prosjekt.
Her er oversikt over kva forsking ein kan søkje støtte til. Utlysingane er sortert etter søknadsfristar for kvar aktør. Forsking av meir generell karakter, og støtte til arrangement, forprosjekt, stipend eller liknande, er ikkje med i oversikta:
Forskingsrådet:
Program: Maritim verksemd og offshore operasjonar (MAROFF)
Midlar: 132,5 millionar kroner
Program: Russland og nordområda/Arktis (NORRUSS)
Utlysing: Forskingssamarbeid med Russland
Midlar: 12 millionar kroner
Program: Havet og Kysten (HAVKYST)
Midlar: 26 millionar kroner
Program: Petromaks (PETROMAKS)
Midlar: 60 millionar kroner
Søk etter utlysingar: Forskingsrådet
EU sitt sjuande rammeprogram (FP7):
Program: FP7 – Miljø og Klima (FP7 ENV)
Midlar: 335 millionar Euro
Program: FP7 Transport (FP7 TRANSPORT)
Midlar: 300 millionar Euro
Program: FP7 – Mat, landbruk og fiskeri, og bioteknologi (FP7 – BIO (KBBE))
Midlar: 341 millionar Euro
Europeisk forsking: Research on Europa
NordForsk:
Program: Nordisk eVitenskaps Globaliseringsinitiativ (NeGi)
Forskingsområde: Samfunnsvitenskap og humaniora. Naturvitenskap, matematikk og teknologi
Utlysing: Nordic Centres of Excellence within eScience in Climate and Environmental Research - A Grand Challenge Research Programme within the Nordic eScience Globalisation Initiative
Midlar: 40 millionar kroner.