BarentsWatch søker kommunikasjonsrådgivar

Vil få ei nøkkelrolle i BarentsWatch sitt formidlingsarbeid.
Det er mer enn 3 år siden artikkelen ble oppdatert

BarentsWatch er ein arena for informasjonsdeling, samarbeid og fagleg utvikling, der kjerneverksemda er å utvikle infrastruktur, nettverk mellom etatane, samhandlingstenester og informasjonstenester.

Til å gjere denne jobben betre treng vi no ein senior kommunikasjonsrådgivar. Vedkommande vil ha ei nøkkelrolle i BarentsWatch sitt formidlingsarbeid, og skal nytte det tverrfaglege perspektivet til å skape ny innsikt og forståing rundt bruken av hav- og kystområda. Stillinga inneber ansvar for BarentsWatch sitt strategiske kommunikasjonsarbeid.

I tillegg til formidlingsarbeid og merkevarebygging, vil du leie BarentsWatch sitt Infoforum – eit fagleg nettverk på tvers av eit trettitals ulike statlege etatar og forskingsinstitusjonar.

Vi søker ein som er god på samarbeid og relasjonsbygging, og som trivst sjølv under tidspress. Ein engasjert og sjølvstendig person, og ei drivkraft i eit nyskapande lag. Stillinga vil vere ein del av BarentsWatch-laget i Tromsø. 

Eininga er organisert i Kystverket. Det daglege arbeidet vil vere knytt opp mot BarentsWatch, men stillinga vil og vere ein del av eit større fagleg kollegium i Stabseininga for kommunikasjon ved Kystverket sitt hovudkontor, og rapportere til kommunikasjonsdirektøren.

Vi tilbyr

  • Ei utfordrande stilling med gode utviklingsmoglegheiter
  • Eit sterkt fagleg kommunikasjonsmiljø

Kontaktinformasjon:

Dagleg leiar i BarentsWatch Geir Schulstad, 95922129

Kommunikasjonsdirektør i Kystverket Solveig Moe Frøland, 92208089

SØKNADSFRIST 07.09.2014

Les meir om stillinga her.