Han heiter Geir Schulstad og kjem frå stillinga som førstelektor og prosjektleiar ved Høgskulen i Finnmark.
Geir, som er 57 år, tek over etter prosjektleiar Frode Kjersem, som 1. juli går attende til stillinga si som regiondirektør i Kystverket Troms og Finnmark.
Geir har jobba innanfor høgare utdanning nesten heile si yrkesaktive karriere. Formell utdanning inkluderar ein cand. real. frå Universitetet i Tromsø, i hovudsak innanfor informatikk. I tillegg har han ein mastergrad innanfor organisasjon og leing ved NTNU.
Han startar sannsynlegvis jobben i BarentsWatch i april, og får dermed en god periode overlapp med prosjektleiar Kjersem.
I løpet av 2013 vil BarentsWatch formelt gå frå prosjekt- til driftsfase. Utviklinga av nettportalen, av nytt innhald, funksjonalitet, og tenester i lukka og open del, held fram.